Siste kontrakt for Fremmerholen inngått

 
Siste kontrakt for Fremmerholen inngåttBildet: Oppstartsmøte for ein av dei større kontraktane for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg som gjeld vassleidningar på land, ventilhus, fortau og gatelys. F.v.: Prosjektleiar Marthe Therese Strømme, byggeleiar overføringsnett Trygve Wigestrand Årsvold, byggeleiar Terje Melseth (Novaform), Jonny Skogvoll (Novaform), prosjektleiar frå Busengdal, Malene Fløtre Busengdal, dagleg leiar i Busengdal, Rolf Anders Håberg, driftssjef Busengdal, Bjørn Busengdal og HMS/KS Busengdal Fredrik Ræstad.
AKTUELLE PROSJEKTER: Kontrakt med Busengdal om landleidningar og vegarbeid for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg er inngått. Og med det er alle kontraktar signerte og innanfor budsjett.

Kontrakt på Entreprise E71 gjekk til Busengdal. Dei skal mellom anna legge ny råvassleidning frå pumpestasjonen til vassbehandlingsanlegget, leidning vidare til krysset mellom Alvikvegen og Brusdalsvegen, for å kople seg på dagens forsyningsnett og leidning for reint vatn frå vassbehandlingsanlegget i retning mot anlegget i Vasstranda.

I tillegg kjem arbeid med fortau og gatelys langs Rødsetvegen og Brusdalsvegen og ventilhus ved krysset Alvikvegen/Brusdalsvegen.

Smidig arbeid blir viktig

Prosjektleiar Marthe Therese Strømme seier det var god interesse for kontrakten og ho er glad for at Ålesund kommune har kunne inngå kontrakt med ein sunnmørsentreprenør som er godt kjent i området.

- I dette arbeidet skal vi nært på tette nabolag og trafikkerte område det blir viktig for oss å gjere arbeidet på ein mest muleg smidig måte for dei som bur i området samtidig som vi skal sørge for framdrifta slik at vi kjem i mål med vassbehandlingsanlegget innan planlagt tid.

Til nytte for mange

Busengdal har base i Stordal og på Digernes, selskapet har over 100 tilsette og arbeider i heile Møre og Romsdal. Rolf Anders Håberg, dagleg leiar i Busengdal, seier dei er glade for kontrakten og ser fram til oppstart av arbeidet. Busengdal skal mellom anna samarbeide med ACO Anlegg AS og Opshaug AS i samband med gjennomføring av kontrakten.

- Det er sjølvsagt kjekt med meir arbeid for oss alle, men det er ekstra kjekt når vi får vere med på å bygge noko som vert til nytte for så mange menneske i eit så stort område som når vi no skal vere med å ta vår del av jobben med å gi Ålesund, Sula og Giske nytt vassbehandlingsanlegg.

Oppstart på arbeidet er planlagt å vere før nyttår. Kontraktssummen er på 70,8 millionar kroner og det er dermed ein av dei større kontraktane for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg.

Innanfor budsjett

Med denne kontrakten er også den siste av kontraktane for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg inngått og signert. Prosjektleiar Marthe Therese Strømme seier det har vore mange tilbydarar til alle kontraktane og det har vore eit prosjekt som har vore interessant i marknaden.

- Vi kan også no oppsummere og glede oss over at alle kontraktar har vore inngått innanfor budsjett og til dels svært godt innanfor budsjett.

Arbeidet med Fremmerholen vassbehandlingsanlegg pågår no for fullt på tre plassar; råvasspumpestasjonen ved kanten av Brusdalsvegen, utlegging av sjøleidning frå området ved Ålesund jeger- og sportsfiskeforening og sjølve vassbehandlingsanlegget i Brusdalsvegen 208.

FAKTA Fremmerholen vassbehandlingsanlegg:

-Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.

-To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.

-Planlagt drift av anlegget er hausten 2026

comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Aktuelle prosjekter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Kurs og Seminarer

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår